Rashômon

Film · 1950 · · 22. juni 2007
3/5

Skodespelaren Toshirô Mifune og regissøren Akira Kurosawa har gjort fleire prosjekt i lag. Skodespelaren har ei lett gjenkjenneleg, morosam haldning. Rolla han i Rashômon er ingen unntak.

Innleiingsvis møter me eit par menneske som har søkt ly i regnveret. Begge har opplevd ei grufull hending som har svekka deira tru på menneska. Filmen fortel hendinga i ulike versjonar, frå medverkande og vitne.

Tidlegare japansk film ligg gjerne nærare teaterskodespel enn eg er vant med. Interaksjonen her er veldig levande. Det tekniske er kanskje røft i kantane, men dei filmatiske trekka kjem bra fram. Eg tykte filmen var kjedeleg, men utset ingenting på gjennomføringa.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Rashômon 1950 plakat - Filmdagbok