Raya and the Last Dragon

Film · 2021 · · 17. juli 2021
4/5

Raya and the Last Dragon er den 59. animerte langfilmen frå Disney, og er ein artig og spennande sak av god kvalitet.

Det er ikkje den mest minneverdige filmen, men ein med ein fin mytologi å spele på, og rikhaldig rollegalleri.

Det er nesten slik at eg heller skulle ønske dette var laga som ein film med ei historie for vaksne, og eit vaksnare preg. Eg likar den postapokalypiske sida ved filmen.

I tillegg er filmen full av enkle humoristiske innslag, som for å ikkje overlaste filmen med seriøsiteten til oppdraget til hovedpersonen. Eg kunne tenke meg ein tøffare og ikkje så tullete drage, men så hadde jo dette då også blitt ein heilt annan film.

Kritikk til side, eg let meg underhalde godt. Det er mest å setje pris på, og mindre å kritisere. At det ikkje er den mest minneverdige filmen, betyr ikkje at han ikkje leverer godt undervegs heller. Det er ein gjennomført film som det han er.

Les også meldingar på www.kulturbunkeren.dk (dansk) og wetalkfilm.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Raya and the Last Dragon 2021 plakat - Filmdagbok