Re-Animator

Film · 1985 · · 11. april 2007
3/5

Re-Animator er ein uhøgtideleg film om ein sprø forskar utan særleg moral, som går under namnet Herbert West. Det flotte med Re-Animator-trilogien er at det er fleire filmar å sette seg inn i, men heller ikkje for mange. I denne første møter me ein ung Herbert, spelt av Jeffrey Combs.

Nyleg sparka ut frå eit sveitsisk forskingsinstitutt for å ha sprøyta sin avlidne mentor med eit gjenopplivingsmedikament, som fekk mentoren til å eksplodere, reiser Herbert tilbake til USA. I USA fortset han studiane sine på gjenoppliving. Når eit forsøk går feil, eller eigentleg fleire, kjem papira på forskinga i feil hender, og det blir mykje søl. Filmen går langt over kanten på mange felt, det er det som gjer underhaldninga. Ein hær av lobotomerte, gjenoppliva døde hadde kanskje ha vore skummelt i ein annan film, men her er det meir komisk, og det på ein god måte.

Forutan alt dette kan du tenke over kor grensa går i forskinga når resultata kan redde liv.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Re-Animator 1985 plakat - Filmdagbok