re:View

Serie · 2016–2020 · · 1. januar 2021
3/5

re:View er ein serie frå Red Letter Media som byrja i 2016. Det er ein serie laga for internett kor eldre filmar blir snakka om. Red Letter Media har frå før av Half in the Bag som handlar om nyare filmar, og Best of the Worst som tek for seg eldre og dårlege filmar.

Etter eit par år må eg sei at eg likar det som har blitt gjort med re:View. Det er ei god blanding av alle typar filmar, og med ulike folk som samtalar i lag om desse. Det er ikkje noko fast opplegg omkring når nye episodar dukkar opp, men det verkar å vere når nokon i lag har funne ein film dei begge har lyst å snakke om.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
re:View 2016-2020 plakat - Filmdagbok