Real Genius

Film · 1985 · · 13. april 2010
3/5

I jakta på kjente skodespelarar i ungdomsfilmar frå 1980-talet har eg no komen til Val Kilmer, og den andre spelefilmen hans, Real Genius.

Chris Knight (Val Kilmer) er eit dovent geni og ei bråkebøtte, forma av den gradvise opplysinga om at livet er meir enn berre arbeid. Då ein lovande, ung elev dukkar opp på universitetet der han forskar på ein ny type laser, ser han seg sjølv i eleven, som yngre og uvitande for det meste utover det reint faglege.

Real Genius handlar om å ha det artig, om å feste og slå seg laus, men ikkje gi opp å ta ei god utdanning. Han skal vise at alle kan ha det gøy, til og med den stereotypiske nerden. Så har filmen fletta inn ei handling som handlar om militære, pengar og bruken av laserteknologien dei smarte studentane hjelp til med å utvikle.

Martha Coolidge, som debuterte som regissør ved siden av skodespelaren Nicolas Cage i hovudrolla til Valley Girl, har lykkast betre med denne enn med debutfilmen sin. Real Genius har mange gode vitsar og Val Kilmer viser seg frå ei god side. Handlinga som skal bygge opp spenningen etter kvart i filmen, er den delen der dette fell litt gjennom. Og sjølv om ikkje forventingane her var høge, så trekk det ned at filmen utover i siste del støttar seg så mykje til ei altfor føreseieleg utvikling.

God komedie, mindre god spenningsfilm. Real Genius er ein film som byrjar bra, men som ikkje klarar å køyre løpet ut.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Real Genius 1985 plakat - Filmdagbok