Rebecca

Film · 1940 · · 26. juli 2007
3/5

Eg stiller meg sjølv i ein mellomposisjon når det gjeld Alfred Hitchcock sin romantiske thriller frå 1940. Dess meir eg tenker over innhaldet, dess betre blir han. Men så er det småtinga som stadig held han tilbake.

På jobb og ferie i sørlege Frankrike møter ei ung og søt kvinne (Joan Fontaine) ein rik enkemann ved namn Mr. de Winter (Laurence Olivier). Ho blir forelska og flyttar etter kvart med han heim til det britiske godset hans, men får problem under presset til å leve opp etter det plettfrie ryktet frå førre Mrs. de Winter.

På stemninga aner eg muffens heilt i frå første scene. Noko er ikkje som det skal vere. Denne kjensla følgde filmen og gav han ein guffen undertone, positivt sett. Lenge blei det med undertonen. Innimellom var det minimalt med utvikling, noko som gjorde filmen kjedeleg. Saman med mindre imponerande skodespel frå Laurence Olivier er det lengda som øydelegg for meg. (Joan Fontain derimot, nærast glødar på skjermen. Ei så søt og uskyldig kvinne skal du leite lenge etter. Kulissene er mektig imponerande, og mysteriet som utviklar seg rundt historia omkring Rebecca som er den førre Mrs. de Winter, er i beste Alfred Hitchcock-stil.

Så sett bort i frå at det er ei langtekkeleg oppleving, så er det ei god ei.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Rebecca 1940 plakat - Filmdagbok