Rebecca

Film · 2020 · · 19. februar 2021
3/5

Rebecca er ein Netflix-film frå 2020 som like gjerne kunne ha gått på kino. Det er av den kvaliteten. Filmen er i likskap med den Alfred Hitchcock-regisserte Rebecca frå 1940 basert på ein roman av Daphne du Maurier.

Dette handlar om ei tenestepike for ein rik dame, som møter ein rik mann på ferie og endar opp med å gifte seg med han. Ho flyttar med han tilbake til den store engelske eigedommen hans, men opplever fort at den avdøde kona til mannen overskyggar alle deler av liva deira.

Rebecca har ei god historie som har godt tak på filmen heile vegen. Det går alltid framover på eit vis, og det er ei spenning undervegs på kva retning dette tar. For min del var det altfor lenge sidan eg såg Rebecca frå 1940 til at eg kunne hugse utfallet.

Det er ein god thriller som held på mystikken. Vi veit ikkje nødvendigvis kven karakterane er som personar, då det blir skapt ein viss avstand til dei. Er dei gode eller vonde? Kan dei takle motstanden dei møter eller ikkje?

Når eg seier at det går framover på eit vis, er det fordi det i blant går litt seint. Kanskje det kunne ha vore styrken i ein film som denne, å halde litt tilbake, men Rebecca når ikkje heilt den høgda at eg utelukkande ser positivt på tempo.

Les også ei melding på www.lydogbilde.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Rebecca 2020 plakat - Filmdagbok