[Rec]

Film · 2007 · · 1. januar 2011
3/5

Filmen byrja bra. Men frå midten til slutten irriterte det meg at skodespelaren i hovudrolla overspelte. Så redd som ho er meint å vere, så treng ho ikkje å skrike gjennom heile filmen. Det blir slitsamt.

Sjølv om noko av dei andre skodespelarane også overdreiv i rollane sine, så var dei ikkje like irriterande. Ein del av dette oppsettet var nok meir til å leia publikum inn i skumle stunder, men det verka amatøraktig på ein måte som fekk meg til å føle meg som ein idiot. Og om ein film oppnår dette så har han trådd feil.

Viss den siste tredjedelen av filmen hadde fungert så godt som byrjinga, så hadde eg likt dette betre. Men trass i kritikken så fungerer dette greitt som ein grøssar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
[Rec] 2007 plakat - Filmdagbok