Red Dwarf

Serie · 1988 · · 9. mai 2020
4/5

Når ein serie har rulla over skjermen i så mange år som Red Dwarf, er det nesten på sin plass å bruke omgrepet institusjon, i positiv forstand.

Red Dwarf starta på BBC i 1988, og har sidan gått i fleire omgangar på BBC og seinare på tv-kanalen Dave. Det som gjer det meir spesielt er at serien har hatt fleire år med pause mellom sesongane.

Sjølv er eg relativt ny fan av Red Dwarf. Når eg byrja på serien var det litt spesielt å sjå personane og serien blir fleire tiår eldre på nokon få veker. Det er ikkje berre at mannskapet blir eldre heller, men nokon av dei blir bytt ut utan forklaring, i lag med fleire av elementa i serien.

At det ikkje er lett å føresei er både godt og dårleg. Godt fordi eg trur det har gjort at tretten sesongar ikkje blir for mykje, men gir meg lyst til å sjå meir. Dårleg fordi det er så mykje meir eg ønsker å sjå meir av. Det blir då dårleg på ein god måte.

Red Dwarf krev litt oppvarming, men er elles ein ypparleg britisk komedie, som eg iallfall vil anbefale til dei som er glad i humor frå dette hjørnet av verda. At serien har blitt over tretti år og framleis kjem med ein sesong i blant, er imponerande.

IMDb-logo
  • Red Dwarf 1988 plakat - Filmdagbok
  • Red Dwarf 1988 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Craig Charles (I)Danny John-JulesChris BarrieVis alle