Red Dwarf: The First Three Million Years

Serie · 2020 · · 28. oktober 2020
3/5

Serien Red Dwarf har eksistert sidan 1988. Først på BBC og seinare på Dave. Red Dwarf: The First Three Million Years er ein dokumentarserie som ser på kva serien har levert i levetida si, kva han har betydd for dei som har laga han og dei som har sett på.

I løpet av tre episodar på 45 minuttar gjer me tidsreisa frå 1988 til 2020, då den hittil nyaste sesongen kom ut. Hovudvekta er nok på oppstarten. Dei ulike rollane og mest unike episodane blir løfta fram. Og på eit tidspunkt får me nokre scener frå ein feila amerikansk pilotepisode av serien.

Red Dwarf: The First Three Million Years går greitt nok i djupna på innhaldet i Red Dwarf. Det er eit passe godt innblikk i kva som skjedde bak kulissene. Og det er nok mimring av dei ferdige scenene som blei til. Det er mange år sidan eg har sett dei første sesongane, så for meg var det eit hyggeleg gjensyn, sjølv om det ikkje gir noko nytt som eg ikkje kunne ha sett i serien.

Dette er nok først og fremst laga for dei som har sett Red Dwarf, og er vanskeleg å sjå for seg at skal ha for stor verdi for dei uinnvidde.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Red Dwarf: The First Three Million Years 2020 plakat - Filmdagbok