Red Letter Media Behind the Scenes: Space Cop

I denne korte dokumentariske videoen får me eit innblikk i produksjonen av Space Cop, ein film av Red Letter Media. Dei viser ein del filmmateriale frå bak kulissene til produksjonen. Dei fortel blant annaom korleis filmen blei spelt inn, korleis det gjekk føre seg, og viser til resultatet. På sett og vis er det ein ganske standard gjennomgang, som er tettpakka nok til å vere interessant heile vegen.

Det artige er at Space Cop er ein mindre god film som blei laga med lågt budsjett. Og det er ikkje ofte eg får innblikk av denne typen i dårlege filmproduksjonar der skaparane viser god innsikt. Er du interessert i Half in the Bag eller Best of the Worst som Red Letter Media utgir på YouTube, så vil nok denne videoen også falle i smak. Uavhengig av om du har sett Space Cop eller ikkje.

Red Letter Media Behind the Scenes: Space Cop 2020 plakat - Filmdagbok