Red Oaks

Serie
2014–2017
4/5

Det har vore spennande tider for seriar i eit par år no. Kanalane har vorte mange, og eg valde difor å kutte ut omgrepet tv-serie til fordel for serie på Filmdagbok i 2016.

Amazon har involvert seg i konkurransen om sjåarane, og sette sjølv seg på kartet med den kritikarroste Transparent i 2015. Eg heldt tidlegare tilbake på å skriva om nye seriar etter berre å ha sett ein sesong, og gjekk dermed glipp av å koma med mine tilbakemeldingar om dagsaktuelle seriar.

Med Red Oaks endra eg på dette når første sesong blei lansert. Både fordi Red Oaks var ein Amazon Prime-serie verd å leggja merke til, men òg fordi Red Oaks på grunn av sjanger og tidsperiode for handlinga er midt i blinken for meg og engasjerte litt ekstra.

Craig Roberts spelar hovudrolla i serien som er sett til 1985–1986, og sentrerer seg rundt ein country club på sommaren. Dette er eit perfekt miljø for ein periodeserie sett til 1980-talet. Det er også framifrå for ein komiserie så han kan pressa inn referansar og hyllester. 1980-talfilm var på komediefronten flust av tenåringsfilmar som gjekk føre seg på resorts, ved country clubs, basseng, sommarleirar, og elles i sommarvarmen. Nokre korte veker på sommaren er ein god måte å skapa kontrast til kvardagen før og etter ferien, og gjer noko med heile stemninga rundt avbrekket for både for publikum og karakterane.

Dei siste åra har det kome hyllest på hyllest til perioden og sjangeren. Like før Red Oaks kom ut i 2015 kom Netflix med serien sin Wet Hot American Summer: First Day of Camp. Og filmar eller seriar som berre byggjer på referansar er det vorte så mange av at det no må meir til for å vekka interessa mi. Eg meiner Red Oaks har meir ved seg.

Medan eg les at andre har sagt at Red Oaks er ein serie dei vil like, men som ikkje har nok spesielt ved seg. Så meiner eg at Red Oaks svarar til forventingane, og oppnår det å skapa eit godt forhold mellom deg og karakterane sine. Samstundes er ein del av verkemiddelet til serien referansar som er tona ned, utan at eg trur dette er naudsynt for delen til komedien. Dette er er ein vesentleg skilnad til nemnde Wet Hot American Summer: First Day of Camp.

I alt dette har eg kome med fleire av grunnene til at eg likar serien. Men for å få det konkretisert her på slutten, så handlar det om følgjande: Serien har gode karakterar. Episodane står fint på eiga hand, men har òg ein samanhengande tråd. Det skjer verken for mykje eller for lite, så eg vil stadig sjå neste episode. Humoren er lur og litt tona ned. Og folka som spelar i serien er herlege skodespelarar å følgja.

Eg kunne like gjerne ha vigd dette innlegget til å snakka rundt namn både føre og bak kamera. Men eg tenkjer ei skildring av resultatet står seg betre ut her enn det namn vil.

Red Oaks er ikkje eit døme på ein perfekt serie, men ein solid serie som fell godt i smak hjå meg personleg.

Om det skulle vera i tvil så gjeld dette innlegget både første og andre sesong. Dei er noko ulikt i kor vaksen og seriøse tonen er, men alt skrytet mitt gjeld like mykje i andre sesong. Som eg forresten såg på ein dag. Tredje sesong er ikkje fullt så god. Då har serien byrja å endra seg for mykje vekk frå sommarmagien til dei to første.

Red Oaks 2014-2017 plakat - Filmdagbok

Publisert

2. november 2017 av

Merkelapp

Amazon

Skaparar

Joe Gangemi, Gregory Jacobs

Skodespelarar

Craig Roberts (IV), Ennis Esmer, Oliver Cooper (I), Richard Kind, Paul Reiser (I), Alexandra Turshen, Jennifer Grey, Alexandra Socha, Freddie Roman, Josh MeyersVis alle 204 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Red Oaks

TV Time

TV Time-side om Red Oaks