Reign of the Supermen

Film / 2019
4/5

Reign of the Supermen er oppfølgjaren til The Death of Superman, som eg storkoste meg med for kort tid sidan. Eg har vore spent på å sjå denne, og om han kunne leve opp til forløparen.

Superman er død, og i staden for han dukkar det opp fire nye variantar av han. Dei vil alle prøve å ta over og verne verda og Metropolis. Iallfall tilsynelatande. For ein fiende av høgt kaliber dukkar etter kvart opp, og det kan sjå mørkt ut ei stund.

Filmen evnar ikkje å røre så mykje som The Death of Superman, men er likevel ein av dei beste DC Universe Animated Original Movies-filmane. Han har ei fin todeling med mysterium først, og superskurk i del to. For ikkje å snakke om ein god slutt. Det er ikkje overraskande at filmen fortel ei god historie. Det er kjenneteiknet til denne serien av filmar, at dei er basert på gode historiar. Det er ikkje alltid dei lykkast å bli gode filmar, men dei bommar sjeldan for mykje på strukturen.

Filmen står dessutan fint på eigne bein, i tillegg til å vere ein nesten obligatorisk oppfølgjar til The Death of Superman. Er du glad i superheltefilmar og animasjonsfilmar, så er dette anbefalt. Sjølv har eg gått lei av dei store kinofilmane på denne fronten, men har ingenting i mot å sjå ein ny DC Universe Animated Original Movies-film fordi eg veit han har ei historie som vil gi meining.

Reign of the Supermen 2019 plakat - Filmdagbok