Reign Over Me

Film / 2007
4/5

Dette stjernespekka dramaet som kom ut tidlegare i år har gått rett forbi utan at eg høyrte om det i heile tatt. I så fall la eg ikkje merke til det. Litt synd, for dette er akkurat min type film, men no har eg i det minste sett han.

Don Cheadle møter på ein gammal venn frå college, ein halvt sinnsforvirra eks-tannlege spelt av Adam Sandler. Dei tar opp gamle trådar og blir venner igjen, men Charlie Fineman spelt av Adam Sandler er ein vanskeleg person.

Reign Over Me er ei fin forteljing om vennskapen desse utviklar. Stadig sett på prøve på grunn av ytre og indre faktorar, som Fineman sin til tider sjølvdestruktive og aggressive personlegdom. Samt Johnson, spelt av Don Cheadle, si trong til å hjelpe. Det handlar ikkje nødvendigvis så mykje om å få fram ei sterk historie her, men å skape sterke karakterar og bygge opp under dei. Det klarer Reign Over Me godt.

Reign Over Me 2007 plakat - Filmdagbok