Reisen til julestjernen

1976 / Film
27. desember 2018
3/5

Reisen til julestjernen er ein av mange julefilmar som har blitt tradisjon for mange nordmenn, og ein NRK sender kvart år på julaftan. Det er òg ein film eg ikkje har sett i heilskap før jula 2018. Eg har sett så lite av han at eg i stor grad kan seiast å ha stilt med blanke ark til kva denne filmen hadd å by på.

Historien handlar om ei ung prinsesse som forsvinn som følge av sin onde onkel og greve som lokkar ho ut i skogen. Like etter forsvinn dronninga i søken på dottera si, og kongen forbannar difor julestjerna – som forsvinn deretter.

Mange år seinare dukkar ei ung kvinne opp på slottet i lag med ein teatertropp. Det er ingen overrasking for oss at dette er den forsvunne prinsessa. Og med ho tilbake, utan at nokon veit kven ho er, ikkje ho sjølv eingong, byrjar trådane omkring forsvinningane og kven som er skuld i ulukka å nøyste seg opp.

Reisen til julestjernen er ein humoristisk og dramatisk norsk film med ei god historie, og minst eit godt musikalsk innslag. Det er ikkje så mykje utsetje på filmen. Eg forventa ikkje så mykje, men blei godt underholdt og tykkjer filmen leverer på stemning. Den tekniske kvaliteten på bilde og lyd er det einaste eg vil setje fingeren på, men det er då ein bagatell.

Reisen til julestjernen 1976 plakat - Filmdagbok

Annonse

Relaterte innlegg