Relatos salvajes

Film · 2014 · · 10. januar 2016
4/5

Argentiske Relatos salvajes, Wild Tales på engelsk, er ei samling av seks segment. Alle ville på sin måte. Desse varierer frå gode til fantastiske, og gjer filmen til ein god total på to timar.

Segmentet Pasternak opnar filmen. Ei kvinne går om bord i eit fly. I samtale med mannen i nabosetet oppdagar ho at dei har ein felles kjent. Vidare skildring vil vere å røpe for mykje. Men det tar ei dryg vending. Dette er som tatt ut av The Twilight Zone.

Nummer to er The Rats. Ein mann dukkar opp i ein restaurant. Servitøren kjenner han igjen frå heimstaden som mafioso og ein mann som har påført familien vondt. Ei historie utan dei store overraskingane, men som er stygg nok på sin måte.

The Strongest er mitt favorittsegment. Stemninga og ei aning om framgangen er på plass frå første minutt. Ein mann køyrer langs ei naturskjønn rute. Ved forbikøyring forbi ein plagsam mann viser han fingeren. Dette slår tilbake. Greia med denne historia er at ho held fram og fram og blir drygare og drygare når eg ikkje venta det.

Little Bomb er både god og verdt å vere kritisk til. God fordi det er ei vill historie dette også. Greitt å vere kritisk til fordi det er ingen heltar her, berre personar som oppfører seg som tullingar. Etter kvar litt føreseieleg, men som med alle dei andre historiene har også denne ein god flyt og er av passe lengde.

The Proposal er eit opplegg som er litt tona ned. Og kanskje meir ein observasjon av ukritisk skulding av personar med midlar. Rett nok her, men problemet er at det er for typisk til å bli interessant. Berre slutten av dette segmentet var minneverdig. Resten var greit, men kom litt i skuggen av dei andre og betre segmenta.

Until Death Do Us Apart er det siste segmentet, og er eit prakteksempel på eit temperamentsfullt bryllaup der alt går feil. Det blir faktisk blodig. Så langt ut i Relatos salvajes merka eg at det var nok. Dette er bra, men det er grenser for kor mykje det siste segmentet kan sjokkere etter over ein og ein halv time med tilpassing til sjangeren, om det kan kallast det.

I overkant kritisk dette innlegget, men eg likte Relatos salvajes godt, det skal det ikkje vere tvil om. Alt var ikkje fantastisk, men det beste smittar over på det nest beste, og så vidare, så totalen blei uansett vel verdt det.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Relatos salvajes 2014 plakat - Filmdagbok

Sjangrar