Remember Sunday

Film · 2013 · · 24. oktober 2014
3/5

Remember Sunday er ei sak eg likar. Det er ukomplisert, hjartevarmt og har to folk eg har sansen for frå før av: Alexis Bledel og Zachary Levi.

Det handlar om ein ny romanse, som har sitt hinder. Hinderet er det mannlege karakteren sitt hugse. Han har ingen langtidsminne, og må starte kvar dag på nytt.

Sjølvsagt handlar dette på eit vis å overkomme og akseptere det, sjølv om det er vanskeleg for den kvinnelege karakteren. Og for den mannlege, som må notere seg alt som skjer kvar dag, og lære det på nytt igjen den neste.

Dette er ein Hallmark-film, og slike filmar har ofte sin eigen og meir konkrete stil. Det handlar altså ikkje om så mykje meir enn denne historia rundt desse to karakterane. Glad som eg er i filmar som går rett på sak, oppdaga eg difor at dette passar meg utmerka. Og i ettertid har min fordom mot tv-filmar gradvis svunne hen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Remember Sunday 2013 plakat - Filmdagbok