Remember the Night

Film · 1940 · · 17. desember 2011
4/5

Remember the Night er eit romantisk drama med Fred MacMurray og Barbara Stanwyck, to skodespelarar som òg spelte i lag i Double Indemnity. For ordens skyld kan eg nemna at filmen kom ut fire år før Double Indemnity.

Barbara Stanwyck er ei uskikkeleg kvinne som har ein uvane med å stela. Fred MacMurray er advokaten som skal få ho sett i fengsel. Omstenda får desse til å feire jul i lag hjå familien til advokaten.

Samspelet er fint. Barbara Stanwyck og Fred MacMurray køyrer gjennom store deler av handlinga med ein sprek dialog som sit godt. Tinga som skjer rundt dei undervegs er mindre spennande, men stunder som vekker minner frå barndommen til karakterane er gode som gull og gir meg god grunn til å heie på at paret skal bli eit par.

Det toppar seg som det hør og bør ved julefeiringa. Når slutten altfor brått kjem så må eg innsjå at eg har fått filmen under huda og skulle ønske han var lengre.

IMDb-logo
Remember the Night 1940 plakat - Filmdagbok