Remember the Titans

Remember the Titans er eot typisk eksempel på eit sportsdrama frå Disney. Svarte sin plass i det amerikanske samfunnet er eit sentralt tema, men i denne filmen er det fokus på forholdet mellom dei og kvite. Etter at svarte og kvite blir miksa saman på skulen i Virginia i 1971, blir det mykje bråk, men den nye trenaren til amerikanske fotballaget Titans jobbar hardt for å oversjå raseskiljet. Og dette går ikkje heilt stille for seg.

Har du sett eit sportsdrama produsert av Disney før, så har du for så vidt sett ganske mange, og Remember the Titans er ikkje eit unntak. Du vil kjenne igjen mange element, og utviklinga av personlegdommane til folk er ikkje heilt ulikt til det du kanskje vil forvente deg.

Likevel om eg veit korleis historia vil gå, så er dette blant dei betre føreseielege sportsdrama eg har sett. Grunnen til det, vanskeleg å sei ettersom eg ikkje har studert film. Men at mange kjente ansikt dukka opp, er aldri eit vonbrot for min del.

Remember the Titans 2000 plakat - Filmdagbok

Publisert

26. mars 2006 av

Merkelapp

Disney

Regissør

Boaz Yakin

Manusforfattar

Gregory Allen Howard

Skodespelarar

Denzel Washington, Will Patton (I), Wood Harris, Ryan Hurst (I), Donald Faison, Craig Kirkwood (I), Ethan Suplee, Kip Pardue, Hayden Panettiere, Nicole Ari ParkerVis alle 114 skodespelarar

Sjangrar

Biografi, Drama, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Remember the Titans