Rendition

Film · 2007 · · 18. januar 2008
3/5

Rendition verka på meg som ein interessant film, den første til regissøren Gavin Hood sidan Tsotsi og med både Jake Gyllenhaal, Meryl Streep og Reese Witherspoon i respektabelt viktige roller. Han fører seg inn i rekka av filmar etter 11. september om urettferdig behandling og er eit delvis kritisk syn på dei omstridde lovene som gir amerikanske styresmakter makt til å styre som dei vil ved å bruke terrormistanke som argument.

Halvkritisk, om det skulle vere eit uttrykk, ser eg for meg kan skildre ein film som har i tankane om å rette peikefingeren mot noko, men som enten ikkje torer å gjere det skarpt nok eller ikkje lykkast i å gjere kritikken tydeleg og interessant nok til å bli berande for filmen.

I Rendition går ei bombe av ein stad i Egypt. Ikkje lenge etter blir familiefaren Anwar El-Ibrahimi (Omar Metwally) stoppa på flyplassen i Washington på veg heim frå Sør-Afrika. Han er mistenkt for å vere i kontakt med terrormistenkte i Egypt. Kona og barna ventar forgjeves, og ettersom alle spor av framkomst raskt blir sletta må dei leve i uvisse om kor det har blitt av Anwar.

Parallelt følger me karakteren til Jake Gyllenhaal og deler av familien til mannen som styrer fengselet der Anwar blir halde og torturert, viss alle er knytt saman til denne saka.

Historia er sterk, det er utføringa som trekk ned filmopplevinga. Omtrent heile vegen er det ein gjennomsnittleg og lite engasjerande film me får servert. Ingen av tragediane går innpå meg og eg sit igjen med ei litt tom kjensle.

Likevel skimtar eg altså halvkritikken og må innrømme at ingenting er nemneverdig dårleg, utanom ein tidsrelatert vri tre fjerdedeler ut i filmen. Der måtte eg le litt av kor håplaust det fungerte, som om Rendition bevisst prøvde å dumme meg ut framfor å overraske.

Eg lurte lenge på om dette var midt på treet eller litt over, og med magekjensla som støtte enda eg til slutt på litt over. Skal den logiske sansen prøve å komme med ei form for meining må det vere at skodespelarane gjer ein kurant jobb, at det ligg i enten manus, regi eller klipping at potensialet aldri blir fullført, både i tilknyting til karakterar og å gjere historia interessant nok.

Rendition 2007 plakat - Filmdagbok