Reprise

Film · 2006 · · 26. oktober 2007
5/5

Reprise som ein av dei beste norske filmane i år, enda opp med å bli filmen eg aldri fekk sett på kino. Og filmen som eg gjerne hadde lyst til å sjå. Det stod vel på viljen kan eg tenke meg, eg har det med å aldri få sett filmane eg verkeleg har lyst til å sjå, spesielt når det gjeld å sjå dei på kino.

Eg kan sei det først som sist, Reprise var ei svært gledeleg oppleving. Det blir feil å samanlikne med Tatt av kvinnen, for dette er to vidt ulike filmar, likevel vil eg påstå dei er omtrent like vellykka i sjangrane sine, med ein liten knapp på Reprise.

Under filmen sat eg med inntrykket av å lese ei bok. Det er forordet, hovuddelen og etterordet, krydra med tilbakeblikk og andre avstikkarar som aldri går utover dei viktigaste figurane. Som med ei god bok blei eg aldri sittande å tenke på kor i historia eg var komme og kva som ville skje før slutten, det var nok med å følge med på her og no.

Reprise hamnar aldri i eit spor som definert på førehand. Han er frisk og behandlar tematikken sin utan å bli klisje. Blandinga mellom tragedie og komedie passar godt, det blir aldri for tragisk eller for komisk. Dessutan handlar Reprise om ein spirande forfattarar i ein vennegjeng, ein god måte å la filmen bli sjølvbevisst på.

Det er mykje eg skulle ha nemnt, men eg er redd det aldri vil bli ei rettferdig skildring. Reprise er vellykka både teknisk og med manuset sitt. Han gir noko ekstra som får han til å stikke seg ut, både blant norsk og internasjonal film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Reprise 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Anders Danielsen LieEspen Klouman HøinerViktoria WingeVis alle

Sjanger

Land