Resident Evil: Afterlife

Film · 2010 · · 28. juni 2012
3/5

Så eg gløymte at eg hadde sett filmen tidlegare, men eg sat med inntrykket frå byrjinga av at eg hadde gjort det. Litt forbi actionsekvensen som opnar filmar og før presentasjonen av historia byrjar så fekk eg stadfesta mistanken min. Men då eg var komme så langt at det ikkje betydde noko, for då hugsa eg også kor artig dette var.

Det eg likar med Resident Evil-filmane kan bli oppsummert i ein setning: Milla Jovovich kan slåst. Heile vegen handlar det om alle måtane ho kan slåst på. I tillegg likar eg at Resident Evil: Afterlife ikkje handlar om psykologi og greier, men om å slåst.

Eg har ingenting i mot filmar med ei djupare meining. Men når det handlar om type film som Resident Evil: Afterlife er, så likar eg best dei som ikkje prøver å vere noko meir enn dei er meint å vere.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Resident Evil: Afterlife 2010 plakat - Filmdagbok