Resident Evil: Retribution

Film · 2012 · · 8. desember 2012
2/5

Resident Evil-filmane har ikkje utvikla seg i rett retning, frå starten i 2002 og fram til i dag. Dei har gått frå å vere kurante og uhøgtidelege actionfilmar til å bli altfor overdrivne filmar utan historie.

Lite historie og mykje overdriving har alltid vore ein ingrediens. Men det har halde seg nok innanfor til at det har hatt ein grei flyt, og vore underhalding i det. Tatt for langt blir denne filmen, og for så vidt ein kva som helst slags film, ikkje meir enn eit visuelt rot.

Problemet med Resident Evil: Retribution er at han er gløymt før han er sett ferdig. Få filmar opp gjennom tidene har eg fullstendig gløymt at eg har sett, og difor sett på nytt utan å tenke over at eg har sett han før. Resident Evil: Retribution er ein av dei.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Resident Evil: Retribution 2012 plakat - Filmdagbok