Results

Film · 2015 · · 26. oktober 2015
3/5

Utan særleg planlegging enda eg opp med å sjå Results. Det var tematikken rundt trening som fanga merksemda, og ut i frå førsteinntrykket når eg skumma gjennom eit handlingsreferat, så leverte filmen som forventa.

Her har du ein rik fyr som ønsker å komme i form, og som for ein gong skuld ikkje er framstilt som ufordrageleg. Fordi pengar gjer ikkje folk ufordragelege, men heller nokon andre misunnelege. Det er gull å sjå denne fyren bestille teknisk støtte på intermett, der han tilbyr 200 amerikanske dollar for å få det gjort straks. Og ikkje lenge etter kjøper han ein katt på same måte.

Så har du Guy Pearce som eigar av eit treningssenter med sin eigen livsstilsfilosofi, som gjerne kan verke litt typis. Men det skin gjennom etter kvart at han står for det han seier. Og det er ingenting i vegen med måten han lever på, og når han seier at han har det bra.

Karakterar som desse gjer at Results blir sjåverdig, og meir enn ein svevande komedie. Filmen som heilskap bidrar ikkje med eit stort poeng, men stykka opp er dette ein god film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Results 2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Guy PearceCobie SmuldersKevin Corrigan (I)Vis alle

Sjangrar

Land