Return of the Living Dead III

Film · 1993 · · 9. juli 2011
2/5

Han lat vente på seg, men fem år etter Return of the Living Dead: Part II kom nok ein dritfilm i serien Return of the Living Dead.

Eg hadde tenkt til å skrive om heile serien, men hadde lite lyst etter å opplevd nok ein nedtur. Det mest interessante med Return of the Living Dead III er Melinda Clarke, seinare kjent i serien The O.C. Interessa varte sånn i eit minutt, før eg fann ut kor eg hadde sett ho før.

Den største irritasjonen ligg i korleis konseptet zombie blir tilpassa scenene, der nokon kjapt blir hjernedøde og svoltne på hjerne, mens andre klarer å kontrollere seg. At zombien kan vere smart bryr meg lite. Sidan voodoozombien i gamle, gamle dagar har det skjedd like nesten mange tilpassingar som filmar, og det har halde monsteret i live.

Det einaste som er festleg er den påtatt kule talemåten. Kul ungdom formidla på film av nokon som tydeleg ikkje kjenner til kva kul ungdom er, er kult. Utanom dette, inga anbefaling. Sjå den første filmen, stopp der.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Return of the Living Dead III 1993 plakat - Filmdagbok