Return of the Living Dead: Necropolis

Film · 2005 · · 7. juli 2011
1/5

Denne elendige filmen blei i 2005 gitt ut med kort mellomrom til den like dårlege Return of the Living Dead: Rave to the Grave.

Begge filmane kom omtrent tjue år etter den første Return of the Living Dead-filmen. Og av dei fem eg har sett til saman, så er det hovudsakleg den første som er god.

Om Return of the Living Dead: Necropolis har ei handling, så er det at nokon zombiar blir slept laus under eit innbrot. Det er litt meir enn som så, men det er hovudsaka. Det kunne ha fungert om filmen var godt laga, men dette er billeg, enkelt gjort, og det er gjort få forsøk i å strukturere det og gjere det spennande, relevant eller noko som helst anna som ein filmproduksjon bør.

Det skin gjennom at her er målet å fylle opp 90 minuttar med noko som liknar ein film og kan bli seld, utelukkande på grunn av Return of the Living Dead-namnet.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Return of the Living Dead: Necropolis 2005 plakat - Filmdagbok