Return of the Living Dead: Part II

Film · 1988 · · 8. juli 2011
2/5

At nedturen byrjar allereie i andre filmen var skuffande, men ingen stor overrasking. Return of the Living Dead: Part II har godkjente zombiescener, men manglar den rette oppbygginga og karakterane til å gjere dette interessant.

Kule ungdommar er bytt ut med dumme barn, og dei vaksne er heller ikkje av same kaliber som i den første filmen. James Karen dukkar opp igjen, men i ei ny rolle som ligg milevis unna den han hadde The Return of the Living Dead.

Du kjem berre visst langt med ei samanlikning. Det største problemet er ikkje at filmen ikkje er så god som den første, det var heller ikkje å forvente. Det er at filmen aldri bygg seg skikkeleg opp, men står fram som eit pliktløp med nokon ingrediensar som berre må på plass, utan særlege krav til korleis det blir gjort.

Det er gøy å sjå at Dana Ashbrook ikkje var spesielt lovande som skodespelar før Twin Peaks heller. Zombiane er passe velgjorte. Men verre gnåling og skriking frå så mange av dei sentrale karakterane skal du leite lenge etter. Det bidrog sin del til at Return of the Living Dead: Part II blir i overkant irriterande til å komme unna med å vere dårleg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Return of the Living Dead: Part II 1988 plakat - Filmdagbok