Return of the Living Dead: Rave to the Grave

Film · 2005 · · 8. juli 2011
1/5

Eg har gjort fleire tabbar i val av filmar opp gjennom tidene. Ein av dei har vore å sjå denne filmen, eit anna feil val har vore å sjå Return of the Living Dead: Necropolis.

Det er nokon zombiefilmar frå 1980-talet som er verdt å sjå, og The Return of the Living Dead er ein av dei. Oppfølgjarane har derimot vore verre.

Dette er ein oppfølgjar av eit slag, tjue år etter. Men han er mest oppfølgjar i tittelen sin. Det handlar om å eige lisensen til å bruke namnet, og gi ut ein billeg film kor pengane skal bli tent inn mest på koplinga til ein tidlegare kjent filmserie.

To filmar, begge regissert av same fyr og gitt ut i løpet av same år, har altså fått denne rolla.

Eg gir ein sjeldan brukt 1/5 til denne filmen. Handlinga er ei tynn historie om eit narkotika som har ein biverknad. Nemleg at døde står opp igjen som zombiar. Det kan knapt bli kalla ei historie, då det heng lite på greip. Og produksjonen er elendig. Dette er fullstendig bortkasta tid.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Return of the Living Dead: Rave to the Grave 2005 plakat - Filmdagbok