Return to Me

Film · 2000 · · 17. juni 2016
3/5

Ein mann mistar kona si. Kona er organdonor og hjarte går til ei ung kvinne. Eit år etter møtes den unge kvinna og enkemannen, og blir forelska i kvarandre.

Ei forenkling av historia på denne måten er med på å fremme kva type romantisk drama dette er. Det er av typen der du må akseptere at rolla til ein film er å bruke ulike grep på å oppnå ulike effektar, og treffe ulike målgrupper. Return to Me bruker tydelege grep, og er mest for dei som kan tåle overdriving for å nå fram med poeng.

Poenget her er kjærleik. Overdrivinga ligg i slumpane. Eg var fullt klar over dette før eg sette i gang med filmen, og hadde ingen problem med det heller. Men eg tykte heller at dette er ein fin film.

Minnie Driver spelar supert, og hennar glede og forelsking er svært tydeleg i ansiktsuttrykka hennar. David Duchovny gjer ein grei jobb, men blir meir av typen som kunne ha vore spelt av kven som helst. Sjølv om eg er fan av David Duchovny i mykje han har gjort.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Return to Me 2000 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land