Return to the Planet of the Apes

Serie · 1975 · · 14. februar 2016
2/5

I Return to the Planet of the Apes følger me tre astronautar som landar på ein planet der aper lev som menneske. Astronautane har reist i tid frå 1975 og eit par tusen år framover. Utgangspunktet til serien er dermed å kjenne igjen som ein Planet of the Apes-produksjon, men serien kan fint bli sett utan førehandskunnskap.

På apeplaneten finst det også menneske, men dei er som dyr å rekne. Apane me møter kan bli delt inn i tre kategoriar, med sine faste representantar. Apen som hatar menneske, ein militærgeneral som ønsker å utrydde dei. Ekteparet og forskarane som vil lære meir om menneske. Og dei som fell i mellom og er open for å bli overtala av dei andre.

Greia her er at eit par av astronautane endar opp med å vere på flukt frå fangenskap i Ape City i omtrent heile serien. Det verserer ein mistanke om at dei kan snakke, og om det stemmer vil apane måtte utrydde dei. For intelligente menneske er ein trussel.

Den gjennomgåande historia er altså heilt grei til å vere ein Planet of the Apes-sak. Men utføringa i dei 13 episodane er latterleg dårleg. Dette ber preg av å vere gjort billeg. Gjenbruken av teikningar og animasjon er stor. Det er mykje stillbilde og panorering, og rett og slett feil og støy i overlegget av animasjon over stillbilde.

Det meste av talen består av stadfestingar av det opplagte. Litt i retning av at nokon skulle sei at her kan me døy fordi det er farleg, la oss komme oss vekk så me ikkje døyr, og etterpå seie at det var bra me ikkje døydde. Berre verre.

Trass i mange dumskapar mislikar eg ikkje serien meir enn litt. Til å vere dårleg er dette bra. Ofte dårleg bra, men det er også nok framdrift i serien til at det er litt interessant.

IMDb-logo
TV Time-logo
Return to the Planet of the Apes 1975 plakat - Filmdagbok