Revenge of the Nerds III: The Next Generation

Film · 1992 · · 9. oktober 2016
2/5

Denne tredje Revenge of the Nerds-filmen blei laga for tv. Ofte betyr slikt redusert budsjett, enklare handling og mindre kjente skodespelarar. Det sistnemnde har ikkje Revenge of the Nerds III: The Next Generation problem med, då nokon av dei mest sentrale karakterar frå dei originale filmane dukkar opp.

Filmen handlar om nerdane av neste generasjon som kjem til Adams College. Vår unge hovudrolle er nevøen til Lewis frå dei første filmane. Det er eit Adams College kor nerdane er blitt dei populære. Men i horisonten truar dei som ikkje likar nerdar.

Dette er ei tynn suppe, men filmen har ei heilt enkel historie som går an å følge. Det fungerer berre i lys av ein grei førstefilm som Revenge of the Nerds var åtte år i forvegen. Forventingane mine var uansett ikkje høge, og eg blei nok heller smått positivt overraska over at fleire skodespelarar eg kjenner til dukka opp.

Resten av filmen blir gløymt fort.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Revenge of the Nerds III: The Next Generation 1992 plakat - Filmdagbok