Revenge of the Nerds IV: Nerds in Love

Film / 1994
2/5

Trass i at berre Revenge of the Nerds frå 1984 har vore sjåverdig blant Revenge of the Nerds-filmane eg har sett, gjekk eg i gang med den fjerde og siste filmen i serien.

Som sin forgjengar Revenge of the Nerds III: The Next Generation er dette ein film produsert for tv, med dei avgrensingar det betyr for ein oppfølgjar til collegekomedie frå tidleg 1990-tal.

Dei fleste kjente ansikta frå tidlegare filmar dukkar her opp for å feire karakteren Booger sitt bryllaup. Dette går ikkje helt som planlagt, då familien til hans kommande kone er sterke motstandarar av nerdar.

Resten av filmen må eg sei at vil vere vanskeleg å gjengi. Det skjer lite nemneverdig, mykje som glir over i kvarandre, og merksemda mi er ofte andre stader. Poenget er ikkje at eg forventar så mykje av denne filmen, men eg ønsker i det minste noko å le av. Det gjer eg ikkje med Revenge of the Nerds IV: Nerds in Love.

Revenge of the Nerds IV: Nerds in Love 1994 plakat - Filmdagbok