Reviving Ophelia

Film · 2010 · · 23. oktober 2015
3/5

Eit forhold mellom to high school-elevar utviklar seg mot det mørke, då den mannlege parten viser stadig større teikn til overgrep. Først i form av verbal manipulasjon, men så kjem den fysiske misbruken også.

Jenta vil ikkje innrømme at det er eit farleg forhold ho er i. Og ut frå dette spelar det seg ut eit skikkeleg seriøst drama. For dette er eit drama utan like, som stadig er på kanten til det absurde, og ofte er i overkant tydeleg eller typisk. Det blir aldri komisk, men det er ikkje langt i frå.

Litt kjedeleg er det innimellom, men eg likar skodespelet og blir involvert igjen. Den farlege fyren i filmen er ein dryg karakter som nesten er vanskeleg å akseptere som ekte. Men ettersom det akkurat går, så er effekten at han blir ekstra skummel.

Denne Lifetime-filmen er som nesten alle andre. Dei er sentrert rundt kvinnelege karakterar i hovudrolla eller hovudrollene. Akkurat her er det litt uklart kven som eg skal halde meg til som mest sentral. Kanskje er dette også ein av grunnane til at eg ikkje blir hekta på historia, og opplev deler som litt vage og kjedelege.

Reviving Ophelia er ein heilt grei og midt på treet film. Inga anbefaling frå mi side.

IMDb-logo
Reviving Ophelia 2010 plakat - Filmdagbok