Rick and Morty

Serie
2013–2020
4/5

Animasjonsserien Rick and Morty frå Adult Swim ligg i skrivande stund på tolvte plass på IMDb Top 250 TV. No er det mange animasjonsseriar på den lista, som eg strengt tatt ikkje tenker meg å sjå, men med Rick and Morty gav eg nokon videoklipp ein sjanse, og bestemte meg fort for å prøve ut heile serien.

Det tok ikkje mange minuttane før dette fall i smak. Serien har eit høgt tempo og fnys av klisjear, sparkar til forventingar og gjer si eiga greie.

Hovudpersonane i serien er ein usmakeleg vitskapsmann og bestefar, og ein idiot av eit barnebarn. Bestefaren lyg, drikk og drar barnebarnet ut av skulen og med seg på tvers av dimensjonar.

Eit banalt eksempel på korleis serien gjer narr av sjangerkonvensjonar er å kalle vesen for Birdperson, Scroopy Noopers og Gromflomites.

Reint bortsett frå sitt røffe og fargerike ytre, er Rick and Morty ein ganske vanleg science fiction-serie av typen med episodiske historier, som refererer til mykje anna arbeid. Spora etter The Twilight Zone sjåast i opningssekvensen. Ein episode handlar delvis om Titanic, mens ein annan har ein karakter som heter Gazorpazorpfield. Eg er vanlegvis ikkje så stor fan av referansehumor, men tykkjer at Rick and Morty held seg innanfor i sin noko avgrensande bruk.

Elles vil eg også nemna at musikken er herleg, og er med på å heve heile inntrykket mitt av dette som ein gjennomført og gjennomtenkt serie.

  • Rick and Morty 2013-2020 plakat - Filmdagbok
  • Rick and Morty 2013-2020 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    11. juni 2020 av

    Skaparar

    Dan Harmon, Justin Roiland

    Skodespelarar

    Justin Roiland, Chris Parnell (I), Spencer Grammer, Sarah Chalke, Kari Wahlgren, Dan Harmon, Maurice LaMarche, Tom Kenny (I), Ryan Ridley, Brandon Johnson (I)Vis alle 123 skodespelarar

    Sjangrar

    Animasjon, Eventyr, Komedie, Science fiction

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om Rick and Morty