Ricos de Amor

I denne brasilianske filmen møter vi ein ung og bortskjemt mann som kjem til å utvikle seg. Han er arving til ei stort selskap som held på med tomater, men har ikkje noko interesse av forretningsdrifta til faren.

Så møter han ei dame som er nyutdanna som lege på ein lokal fest. Han unnlet å seie kven han er. Og eit påfølgande veddemål med ein kamerat, gjer at han drar til Rio de Janeiro for å gjennomføre eit traineeprogram og møte dama igjen, framleis utan å seie kven han er.

Ricos de Amor eller Rich in Love er ein romantisk komedie utan dei store overraskingane. Motsetnader som tiltrekk kvarandre, avkryssa. Utgi seg for å vere noko andre, avkryssa. Læringskurve frå rik og bortskjemt til medmenneskeleg, avkryssa.

Eg har ingenting i mot noko av dette. Det må eg sei. Og utføringa til Ricos de Amor er god. Filmane som hamnar rett på Netflix kan vere av alle kvalitetar. På den no utdaterte skalaen frå videofilmkvalitet til kinofilmkvalitet, så ligg filmen nærare sistnemnte. Det at filmen er frå Brasil gjer han også hakket meir eksotisk, med miljø, språk og kultur eg ikkje har sett så mykje av på film fram til no.

Ricos de Amor 2020 plakat - Filmdagbok