Ride Him, Cowboy

Ride Him, Cowboy er ein kort westernfilm på under ein time. Det er ein av John Wayne sine tidlege filmar, frå perioden hans som skodespelar på 1930-talet. Dette var etter han hadde slått gjennom med storfilmen The Big Trail, eit gjennomslag som ikkje sette seg. Det tok nesten ti år til før han byrja å spele i filmane som gjorde han til filmlegenda han blei.

Ride Him, Cowboy kunne like gjerne ha vore ein episode av ein westernserie på tv. Historia er enkelt fortalt, lengda på filmen er kort, produksjonen gir preg av eit lågt budsjett og så vidare. Men filmen er ikkje utan underhalding fordi om.

Det som stod seg ut for min del, og som eg tenker mest på i ettertid, er rolla til hesten Duke. Han er eit godt trent dyr som får god plass og spelar ei viktig rolle i filmen. Hesten er den karakteren som alle burde ha høyrt på i frå starten av, men må gjennom både ei innleiande rettsak og ein del følgande motstand før han blir bevist rett.

John Wayne si rolle er ikkje så utprega. I blant får han skine gjennom med gode augoblikk. Men den mest sjølvsikre framtoninga som han kan spele, og som også burde ha vore på plass her, manglar litt.

Årsaka til at eg såg Ride Him, Cowboy var fordi det er ein av dei tidlegaste filmane med John Wayne i hovudrolla. Eg visste kva type film eg gjekk til, og hadde ikkje dei største forventingane. Filmen innfridde ikkje heilt likevel, men var interessant på sin eigen måten.

Ride Him, Cowboy 1932 plakat - Filmdagbok