Ride the High Country

Ein mann i god alder kjem til ein liten by. Han er på veg til ei transportoppdrag som går ut på å frakte gull frå gullgravarstad. Det er eit oppdrag som mange andre har feila i å gjere før han.

I byen han kjem til, møter han på ein gammal kjenning og den yngre kompanjongen hans. Dei blir med som ekstrahjelp på transportoppdraget, men har andre motiv enn å få gullet trygt fram.

Ride the High Country handlar om ferda til desse tre, og om folka dei møter undervegs. Det er ikkje alltid av det hyggelege slaget. Filmen er krydra med eit røft preg og dystre karakterar. Men denne tilnærminga til ein meir realistisk western, som blei endå meir forsterka på 1970-talet, er med på å gjere filmen god.

Ride the High Country 1962 plakat - Filmdagbok