Ring of Fire

Eg skulle gjerne likt å sei at denne filmen var betre. Historia og folka som er med i han gjer ein kurant jobb, men måten filmen er sett saman på gjer han til eit forhasta lastverk.

Jewel Kilcher som June Carter er sjarmerande til tusen. Og Matt Ross som Johnny Cash fungerer greit. Ring of Fire har deira forhold og ekteskap som den sentrale handlinga, og strekk seg over fleire år. June Carter er på sett og vis hovudrolla, og er den personen me følger frå barndomen av.

Filmen hoppar mykje i tid, eit år eller fleire i slengen, og det er ikkje lett å involvere seg når eg aldri får tid til å bry meg om livssituasjonen deira på gitte tidspunkt. Det blir som om dette opphavleg var ein mykje lengre film, men fekk beskjed om å bli kutta ned til for kort. Eller at det er basert på ei bok, der denne er følgd slavisk, og kapittelovergangane ikkje er glatta ut.

Hadde eg skulle gi filmen karakter basert på Jewel Kilcher som June Carter åleine, så hadde eg gitt han 4/5. Til å aldri ha spelt ei skikkeleg filmrolle før eller etter, så er dette knallsterkt.

Ring of Fire 2013 plakat - Filmdagbok