Rio Bravo

Ein time for time-western i ein amerikansk småby, der sheriffen har teke til fange broren til den mektigaste mannen i byen, og ventar på marshallen i noko som blir fleire spente dagar.

Sheriffen i spissen er John Wayne, med Dean Martin, Ricky Nelson og Walter Brennan ved si side. Dei utgjer ingen team i tradisjonell westernstandard, men på alle måtar eit godt team for filmen.

Tempoet er middels, så ved sidan av artig skyting blir det nok av humor og konfliktfylt drama, flotte dialogar og ein dose romantikk. Howard Hawks stressar ingenting når han vil framstille lovmennene i Rio Bravo. Vante rollefigurar blir bevisst avliva med påpeikande kommentarar.

Rio Bravo staka ut kursen allereie i dei første bilda. Noko som førte til at eg famla litt etter ei type tydeleg historie som ikkje skulle komme, og mista litt av fokuset dei første minuttane. Både på grunn av dette, og fordi filmen rett og slett er ein veldig god film på dei fleste måtane eg kan tenke, vil det bli gjensyn med Rio Bravo ein eller annan gang i framtida.

Rio Bravo 1959 plakat - Filmdagbok