Rio Grande

Etter borgarkrigen er unionsoffiseren Kirby Yorke (John Wayne) ansvarleg for ei gruppe ved Rio Grande som kjempar mot Apache-indianarar. Han har ikkje sett sonen sin Jeff på 15 år, ein son som nyleg feila ut av militæret ved West Point. Han blir difor overraska når sonen dukkar opp som ein av dei nye i troppane. Det er ikkje ei glad foreining, og fører til ei spent stemning. Kathleen Yorke (Maureen O'Hara) er mora til Jeff og kjem også til leiren, og gamle kjensler kjem til overflata igjen.

Eit angrep blir gjort av indianarane, og nokon fangar rømmer. Kvinner og barn blir evakuerte, men undervegs blir nokon fanga av Apache-indianarane. Kirby er nøydd til å leie mennene i ein redningsaksjon.

Dette er ein god, gammal John Ford-western. Filmen har ein del imponerande ridescener. Historia er enkel. Romantikken er avgrensa, men Maureen O'Hara gir alt. John Wayne er god.

Ein stad i filmen møter John Wayne sin meksikanske motpart ved Rio Grande. Viss han kryssar elva og held fram jakta, så kunne denne filmen ha blitt til ein actionfylt thriller. Men han snur.

Rio Grande 1950 plakat - Filmdagbok