Rio Lobo

Rio Lobo med John Wayne er ein midt på treet westernfilm. Dette var den siste filmen Howard Hawks regissterte, og den femte filmen dei to laga i lag.

Dette handlar om ein eldre obsert som me møter på slutten av borgarkrigen. Ei hending gjer at han etter krigen søker rettferdigheit og tar ei sak om å hemne seg på nokon i eigne hender.

Med seg på laget får han etter kvart ein tidlegare militær kaptein, og ei ung dame. I lag har desse tre ein god dynamikk som gir filmen eit lett preg. Og det er vel og bra. For filmen er langt frå perfekt.

Eg har sett ein eldre John Wayne i filmar før, så eg veit at det ikkje står på han når eg seier at Rio Lobo er ein smått treg film. Historia er på plass, og tempoet i seg sjølv på formidlinga av denne skulle eg ikkje utsetje for mykje på. Western kan fint handle om stemning framfor framgang. Men eg undrar på om Howard Hawks ikkje hadde så godt tak på regissørrollen lenger. For det meste som har å gjere med dialog og kjemi sit ikkje godt. Eg kan setje pris på enkelte stunder i filmen kor det treff, men altfor ofte er det litt for upolert.

Utan å spore av for mykje så er dette ein tendens eg også har sett i dei siste filmane til den aldrande Woody Allen. Så det er kanskje noko som skjer enkelte etter ein lang regissørkarriere.

Det er ikkje så mykje meir å sei om Rio Lobo. Ei anbefaling blir det ikkje. Skal du sjå eit god westernsamarbeid mellom Howard Hawks og John Wayne så vil eg anbefale Red River først, deretter Rio Bravo.

Rio Lobo 1970 plakat - Filmdagbok