Rise of the Planet of the Apes

I 1972 kom Conquest of the Planet of the Apes, den fjerde filmen i Planet of the Apes-serien. Conquest of the Planet of the Apes fortalte ei historie om hundar og kattar som døydde ut, og ideen om å bruke apekattar som erstatningar for kjæledyr, og om opprøret som var starten til apeplaneten.

I 2011 er me tilbake til perioden frå Conquest of the Planet of the Apes. Rise of the Planet of the Apes er eit nytt forsøk på å starte opp igjen Planet of the Apes-serien, og eit langt heldigare forsøk enn Planet of the Apes av Tim Burton frå 2001.

Som det ligg i tittelen og introduseringa mi av Conquest of the Planet of the Apes er dette ein film som på nytt fortel historia om oppstanden til apeplaneten. Rise of the Planet of the Apes fortel ei anna historie enn Conquest of the Planet of the Apes, ei om medisinske forsøk på dyr og ei skrekkhistorie om korleis tilfeldig tukling med naturen kan få fatale konsekvensar.

Realistiske spesialeffektar er ein av dei mange styrkane til Rise of the Planet of the Apes. Den viktigaste etter mi meining er oppbygginga. Rise of the Planet of the Apes har nye ting som skjer heilt fram til rulleteksten, og unngår å bli halvveges. Du veit, slik ein av dei mange superheltefilmane siste årene.

Rise of the Planet of the Apes er ein fengslande film. Han har overraskande mørke sider og desse klarer også å skugge over det faktum at filmen er PG-13. Han har god karakterbygging som det lønnar seg å få med seg. Her er det òg nikk til den originale serien og forsmakar på kva som kan følge.

For mitt vedkommande er Rise of the Planet of the Apes den første av storfilmane i sommar som leverer varene på tvers av heile speletida til filmen. Eit par småting kjennest ikkje heilt rett, men set minimale spor i Rise of the Planet of the Apes som ein heilskap.

Rise of the Planet of the Apes 2011 plakat - Filmdagbok

Publisert

14. august 2011 av

Merkelapp

Planet of the Apes

Regissør

Rupert Wyatt

Manusforfattarar

Rick Jaffa, Amanda Silver, Pierre Boulle

Skodespelarar

Andy Serkis, Karin Konoval, Terry Notary, Richard Ridings, Christopher Gordon, Devyn Dalton, Jay Caputo, James Franco, Freida Pinto, John Lithgow (I)Vis alle 87 skodespelarar

Sjangrar

Action, Drama, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Rise of the Planet of the Apes