Risky Business

Med sitt forførande lydspor snor Risky Business seg frå ein ende til ein annan som ein dristig, men samtidig tona ned film. Tom Cruise i ein alder av 21 år spelar hovudrolla som utgåande high school-elev Joel Goodsen, som blir åleine heime i nokon dagar. I løpet av desse dagane går Joel frå å vere ein normal, fornuftig og litt forsiktig fyr til å starte eit mellombels bordell i huset til foreldra.

Men det er ikkje musikken åleine som gjer Risky Business til den stemningsrike filmen han er. Dette er eit godt stykke arbeid også på bildesida, med veksling av skuggar og neonlys på nattetid og sterke farger på dagen. Nattetida er med på å bygge opp det litt dristige område Joel rører seg innpå. Denne spenningen ligg tett under overflata også i sekvensane på dagtid, og det lyse og fargesterke roar ikkje dette ned.

Joel er ein karakter som absolutt viser kjensler og andre reaksjonar, men verda rundt han ser ikkje ut til å reagere for mykje på det som skjer. Lana (Rebecca De Mornay) som han møter og blir oppslukt i er eit mysterium. Vennene til Joel tar situasjonen som ei moglegheit til å bli med på noko. Og det er herleg å sjå korleis karakterane i filmen godtar dei dryge tinga som skjer.

Samtidig har filmen ein enkel struktur som gjer at det kan bli sett som ein typisk tenåringsfilm også.

Risky Business 1983 plakat - Filmdagbok