Road Trip: Beer Pong

Road Trip var ingen klassikar, og det vil aldri Road Trip: Beer Pong bli heller. Dei to filmane har lite anna enn DJ Qualls og ein biltur til felles. Dessutan er Road Trip: Beer Pong ein rett på video-film, noko som senkar forventingane monaleg.

Ei gruppe collegestudentar skal komme seg til ein beer pong-turnering, og vegen dit blir trøblete. Filmen er uoriginal, forutan eit greitt forsøk på å forklare reglane rundt beer pong. Humor er prøvd, men stort sett mislykka. Du skjønar kva intensjonane er, men det er ikkje lagt sjel i arbeide, og filmen vil selje på namnet uansett standard.

Road Trip: Beer Pong 2009 plakat - Filmdagbok