Robin Hood

Film · 1973 · · 2. januar 2021
3/5

Disney sin versjon av Robin Hood med reven som Robin Hood, og bjørnen som Little John, er ein dyrerik og komisk teiknefilm frå 1973. Han er prega av samtida på val av musikk, talemåte og teiknestil. Utover det er han valdeleg på tøft vis, og forfriskande tydeleg på bodskapen sin. Målet hans er å ta skattepengane tilbake, og beskytte folket mot styresmaktene som har makt dei aldri skulle ha hatt.

Med dyrerik meiner eg at det er dyr i alle rollane. Utover heltane så er ei løva i rolla som skurken prins John, som er de facto konge for kong Richard i England, sentral. Løva framstår som farleg med makta sin, men også som ei pyse som suttar på tommelen i skremmande situasjonar.

Det beste med Robin Hood for min del er samspelet som er fått til mellom karakterane. Det er fargerike personlegdomar som tek mykje plass, likevel framstår samhandlinga og kommunikasjonen mellom dei som truverdig, og elles deira kjennskap til kvarandre. Irritasjonen kongen har ovanfor Robin Hood er ein av dei tinga som slår ut positivt her.

Forutan å vere ein kort og underhaldande animasjonsfilm, er dette eit simplisert eksempel på kva som kan skje når lovene gir rom for det. Finst det ein kultur blant folk og ei holdning i samfunnet om at styresmaktene skal få lov til å gripe inn og for eksempel skattlegge innbyggjarar, så vil maktmisbruk på eit eller anna tidspunkt skje. Noreg er ingen unntak.

Les også meldingar på www.norskanimasjon.no (norsk) og cinerama.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
  • Robin Hood 1973 plakat - Filmdagbok
  • Robin Hood 1973 plakat - Filmdagbok