RoboCop 2

I denne oppfølgjaren til RoboCop, som kom tre år etter førstefilmen, møter me ein relativt anonym cyborg. Peter Weller gjentok ikkje rolla som mannen bak maska, og mitt fokus mot filmen blir retta mest mot at dette blir prøvd å halde skjult.

Kampen i denne filmen går føre seg mot eit mektig narkotikasyndikat. Stilen er som i den første filmen, dystopisk og smått, men frivillig komisk. Karakterane er kurante og lett å skilje frå kvarandre, og historia er lett å følge.

Eit av minusa er at filmen er altfor lang, og at det utan ein verkeleg god sentral karakter manglar risiko som gjer dramatikken spennande.

RoboCop 2 er meir ein kuriositet av ein oppfølgjar, noko RoboCop 3 følger opp med å vere. Eg finn ingen grunn til å kunne anbefale den, utan å ty til den kjente strofa om at han kan vere grei for spesielt interesserte. Sjølv om ikkje rangeringa min kryp til under midten, så er det eit stykke igjen oppover på skalaen også.

RoboCop 2 1990 plakat - Filmdagbok