RoboCop 3

Av dei tre RoboCop-filmane som kom mellom 1987 og 1993, så er RoboCop 3 den svakaste.

Sjølv om eg ikkje gir filmen ei dårlegare rangering, så er det mest av at han er fornøyeleg på andre måtar enn ei god historie.

Først og fremst har RoboCop igjen blitt spelt av ein skodespelar, Robert John Burke. I motsetning til i RoboCop 2 der mannen bak maska var fullstendig anonym.

Historia i RoboCop 3 er den dårlegaste i dei tre filmane. Det handlar om eit Detroit i stadig forfall. Eit selskap har tenkt å rive ein bydel, men innbyggjarane nektar å forlate han og går til krig mot selskapet.

Filmen er høgst diskutabel i behandlinga si av eigedomsrett som tema. Han har ingen forklaring på kvifor eigarskapen selskapet har til bydelen er feil, som strengt tatt burde ha vore den einaste grunn til at innbyggjarane skulle forsvare han. I mangel på eit fungerande politi rett nok.

At nokon ikkje har råd til å leige eller ikkje har lyst å flytte gjer ikkje at dei kan krevje eigedommen til andre. Det er det som denne filmen prøver å seie.

Dette til side, så er filmen sjarmerande avgrensa, enkel og føreseieleg. Han er i lengste laget, og eg mistar interessa til tider, men er så nær schlock eller B-film at det blir halde akkurat passe fornøyeleg.

RoboCop 3 1993 plakat - Filmdagbok