Robot Chicken (2005–2018)

Serie / 11. januar 2019
3/5

Robot Chicken er en punktfotograferingsserie med ti minuttar lange episodar, laga av Seth Green, Matthew Senreich og eit omfattande animasjonteam.

Punktfotografering er tidkrevjande arbeid, noko som kjem godt fram i den 15 minuttar lange dokumentaren som følger med første sesong. Den amatøraktige stilen Robot Chicken køyrer er planlagt og produsert nøye gjennom mange trinn.

Så, kva er Robot Chicken eigentleg? Gamle superhelteikoner, teikneseriekarakterar og i blant modellerte kjendiser frå amerikansk populærkultur i absurde småanimasjonar som med vilje prøver å gå over streken på det som er akseptert.

Noko av det viktigaste er støtta serien får av portretterte modellar. Sarah Michelle Gellar og Burt Reynolds er to av mange. Dette gir serien ein ekstra dimensjon. Seth Green, kjent frå Austin Powers og Buffy the Vampire Slayer, har et nettverk det ikkje skal stå på.

Fordelen med desse korte episodane, som kvar består av eit mangfald enkeltsketsjer, er den umiddelbare humoren. Ti minuttar får plass overalt, og er det en sketsj som ikkje er morosam, så kjem den neste få sekundar etter.

Etter kvar som serien går sin gang blir det ikkje servert noko nytt her. For mange personar, inkludert meg, fungerer det greit at den gode, gamle oppskrifta blir beheldt.

Bare eit par stader blir det i overkant av kjensla av gjentaking, der poenget bak vitsane er oppførselen til tidlegare portretterte i en ny samanheng. Dette er jo svært fornøyeleg når det gjeld Mr. T som er en evig morosam persona, mens med andre blir nærare oppgulp.

Ein liten konklusjon blir så at dette framleis er gøy tidsfordriv, som passar inn når som helst i kvardagen. I ein større samanheng er det mindre nytt, mykje på grunn av at serien ikkje har noko historie å bygge på. Dette trengs ikkje alltid, som ein kjent av meg påpeika, South Park er eksempelvis inne i sin ellevte sesong, som visstnok skal vere ein av dei betre som er laga.

Robot Chicken 2005-2018 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Adult Swim

Skaparar

Seth Green (I), Matthew Senreich, Mike Fasolo

Skodespelarar

Seth Green (I), Matthew Senreich, Breckin Meyer, Tom Root, Dan Milano, Abraham Benrubi, Chad Morgan, Seth MacFarlane, Jamie Kaler, Victor Yerrid

Sjangrar

Animasjon, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Robot Chicken

Forfattar