Rocky Balboa

Og langt om lenge kom altså eit nytt og betre avsluttande kapittel på Rocky-filmserien om legenda Rocky «The Italian Stallion» Balboa. Mannen drar på åra, har starta ein koseleg liten restaurant og ser ut til å følge ein rimeleg fast rutine i kvardagen. Ikkje spesielt givande, noko han sjølv har merka etter kvart, og det synes i veremåten. Men blid og hyggeleg som han er, så går det ikkje ut over nokon.

Så ein dag blussar gløden opp igjen, og han føler for å få ny bokselisens, kanskje bokse litt i ein lokal liga og på den måten gjere noko han verkeleg brenn for. Oppi dette kjem ei moglegheit om å få møte meisteren i notida.

Filmen tok meg litt på senga. Forventingane var låge. Det er jo grenser for kva du kan få ut av ein seksar i rekka, og likevel gjere ære på Rocky-namnet. Men det er ein hyggeleg film, sett at du finn deg til rette i den sentimentale tonen han byggjer grunnmuren sin på. Forkunnskap skadar heller ikkje, men sjølv om eg utelukkande har sett Rocky IV, så er det enkelt å forstå kva det heile baserer seg på.

Sylvester Stallone har ikkje skapt noko nytt med Rocky Balboa, men han har klart å få det beste ut av det heile. Som gamlingen han spelar er han perfekt. Han er ekte på så mange måtar. Innimellom slår han til med eit par skikkeleg flaue vitsar, som slettes ikkje er meint å vere gode, men som så godt bygg under at han er pensjonert boksar og litt tullerusk blitt. Sprø er det derimot som fører han til ein av dei mest nervepirrande boksekampane eg har sett på film.

No har eg vel rørt ved ein liten brøkdel av dei tankane eg gjorde meg undervegs, men det held. For i ei så aldri lita oppsummering kan Rocky Balboa skildrast slik: I eit sportsdrama der den blankpolerte road to glory-historia er erstatta med eit grovt og sentimentalt søken på meining med tilværet glitrar Sylvester Stallone til både bak og framfor kamera med jordnær dialog, ein glad og trist undertone og ei knakande god avslutting.

Rocky Balboa 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

16. januar 2007 av

Merkelapp

Rocky

Regissør

Sylvester Stallone

Manusforfattar

Sylvester Stallone

Skodespelarar

Sylvester Stallone, Burt Young, Antonio Tarver, Geraldine Hughes, Milo Ventimiglia, Tony Burton (I), A.J. Benza, James Francis Kelly III, Talia Shire, Lou DiBellaVis alle 107 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Rocky Balboa