Rocky V

Film · 1990 · · 14. juli 2015
2/5

Rocky V er det me på godt norsk kallar ein nedtur. Nedtur inneber at me tidlegare har vore på tur eller opptur, men at det er slutt på det. Stort sett har Rocky-filmane vore tur etter den gode Rocky, for å male over filmserien med generelle strøk. Alle filmane har i det minste bydd på treningssekvensar og profesjonelle boksekampar med Sylvester Stallone i sentrum, og i både Rocky II, Rocky III og Rocky IV har dette vore essensielt.

I Rocky V avsluttar Rocky Balboa (Sylvester Stallone) karrieren nok ein gong. Ein hjerneskade hindrar han i å vende tilbake til sporten, sjølv når økonomien hans går dukken og ein kamp til hadde gjort susen. I staden blir han trenar for ein oppkomling ved namn Tommy Gunn (Tommy Morrison).

Hittil er dette den einaste filmen der Rocky ikkje har deltatt i ein skikkeleg boksekamp, sjølv om me også her ser han slåst, men då i ein gatekamp på slutten mot Tommy Gunn. Filmen har ei svak historie som ikkje klarar å halde interessa utan denne ingrediensen, og dermed blir dette både langdryg film. Det dramatisk ved karriereslutten til Rocky sit ikkje på plass, noko som var blant årsakene til at Sylvester Stallone ville lage Rocky Balboa for å fikse på dette.

Den neste installasjonen i Rocky-serien er Creed for min del, med lanseringstidspunkt hausten 2015. I Creed skal Rocky trå i i trenarrolla for sonen til Apollo Creed, og det blir på nytt testa om oppskrifta til Rocky V kan fungere, eller om det var ideen og ikkje filmen som mislykkast.

IMDb-logo
Rocky V 1990 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sylvester StalloneTalia ShireBurt YoungVis alle

Sjangrar

Land